Nettverk for stadformidling er ein møteplass og ein kompetanseressurs for alle som er engasjert i stadformidling – kunsten å hjelpe folk til å oppleve og verdsetje natur og kultur.
Vi trur at stadformidling gjer liva våre rikare ved å styrke opplevingane og forståinga vi har av stader, menneske, hendingar og gjenstandar frå både notida og fortida.
Målet med opprettinga av nettverket for stadformidling er eit ledd i Nærøyfjorden verdsarvpark sitt arbeid med å synleggjere og styrke god stadformidling i praksis og som fagfelt.
Stadformidling er er drifta av Aurland naturverkstad AS på vegne av Nærøyfjorden verdsarvpark
Administrator for sida er Trude Knutzen Knagenhjelm. E-post: trude@naturverkstad.no

